Bok Norsk attraksjon
Share/Save

Faktainformasjon

  • Utgitt: 2009-09-15
  • Alder: Voksen
  • Innbinding: Heftet
  • Sideantall: 200
  • Målform: Nynorsk
  • ISBN: 9788281783089

Norsk attraksjon (Bok)

Guiden til det du ikkje finn i guideboka
Leveringstid: 2-5 virkedager
Kr: 199,-

 

Du finn ikkje Geirangerfjorden denne i boka. Ikkje Vigelandsparken heller. For dette er boka som tek deg med til dei ukjende attraksjonane i landet vårt.
 
Her er den svinbratte tunnelen som var på ville vegar. Her er telefonkiosken som vart oppringt av BBC ein heil sommar og her er Sjit helvedes kåken, Nord-Europas mest verneverdige bygning! Dette er forteljingar om sære attraksjonar og varme menneske. Enten dei snakkar uforståeleg valledialekt, badar i De dødes tjern eller har den fyrste olje i barskapet. Med sans for detaljar og gode historiar utvidar Linda Eide og Kristin H. Hauge det særeigne landskapet frå den populære fjernsynsserien Norsk attraksjon, og inviterer oss med til ei reise i hyggeleg norsk galskap.
 
Oppslagsdelen bak i boka har presise reiseruter som gjer det mogeleg å finna fram til attraksjonane. Reis som du vil, fysisk eller mentalt. Begge deler gir ei kjensle av å vera på oppdagingstur i det landet du trudde du kjende, men som synte seg å vera meir enn turistreklamen lova. Mykje meir!
Produktanmeldelser:
0
Your rating: None
Logg på eller opprett en konto for å skrive en anmeldelse