Faktainformasjon
- Utgitt: 2009-12-16
- Alder: Tillatt for alle
- Spilletid: 436 min
- Format: DVD
- Antall disker: 2
- Spilletid: 436 min
- Lydformat: Stereo
- Bildeformat: 16:9
Bergensbanen (DVD)
Minutt for minutt
Leveringstid: 2-5 virkedager
Kr: 199,-
Opplev heile togturen frå Bergen til Oslo frå orkesterplass, og sjå samstundes den lengste reisedokumentaren i norsk TV-historie. Ikkje eit minutt går vi glipp av, programmet varer like lenge som heile togturen tek, altså sju timar og seksten minutt akkurat denne gongen. Slik har du aldri sett Bergensbanen, med mindre du er lokomotivførar. Fire kamera er med på toget, og kvar gong du kjem i ein svart tunnel, får du sjå arkivskattar frå Bergensbanen. Undervegs opplever du ”Bergenstoget plyndret i natt”, radiointervju med rallaren Martin Gjerde som sjølv var med og bygde banen for over hundre år sidan, og opplev denne vidgjetne togstrekninga over høgfjellet!
Programideen oppsto i vinter då vi var i ferd med å lage to "vanlege" dokumentarar om Bergensbanen i samband med hundreårsjubileet i Bergen. Kvifor ikkje filme togreisa og sende den i si fulle lengd. Ein så vill og samtidig enkel ide måtte berre gjennomførast.
Den 7 timar og seksten minutt lange sendinga vart ein stor suksess på NRK2 på 100-årsdagen 27. November 2009. Over 1,2 mill nordmenn var innom sendinga, og i snitt var 175 000 sjåarar med på heile turen.
DVD'en inneheld ikkje musikken frå programmet.

Musikk
Savner musikken :-( En utsalgspris av kr. 199,- betyr da vel at dåkker kunne kjøpt rettighetene?
Innhold?
Går det ann å få kjøpt en utgave som kun viser torgturen fra lokfører sin plass? Håper dere lager av samtlige strekninger i Norge! (helst uten masse kommentarer og annet)
Fantastisk!
Dette var en stor opplevelse! Tusen takk til NRK, NSB, Jernbaneverket og andre involverte :-)
Mer av dette!