Oddgeir Bruaset
Oddgeir Bruaset er fødd i Måndalen i Romsdal i 1944, er utdanna lærar, og utanom å ha gått lærarskulen i Volda har han studert norsk og historie ved Universitetet i Bergen.
Etter at Bruaset i 1971 vart tilsett i NRK, har han for det meste arbeidd som TV-journalist, og han har laga ei rad dokumentar- og opplevingsprogram som har vekt oppsikt. Mest kjend er den populære serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. I tillegg har Bruaset skrive eit tjuetal bøker, særleg av kulturhistorisk karakter, og nokre av dei har vore bestseljarar. Bruaset er også ein etterspurd kåsør og foredragshaldar.
For arbeidet sitt har han teke imot fleire prisar, som Sunnmørsprisen (1991), Kringkastingsprisen (1994), Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal (1999), Alf Helleviks mediemålpris (2003), Medierosen (2007), Ålesund bys kunstnerpris (2007), Gullruten for beste livsstilprogram (2008) og Gullruten Folkets pris (2009).



